No har det vel vore premiere på den vidgjetne norske filmen Max Manus som handlar om den såkalla Oslo-gjengen under 2. verdskrigen. Då filmen vart spelt inn i vår, var det mange eldre nordmenn som reagerte med tårer då hakekorset vart heist på Stortinget si flaggstong igjen. Sjølv om det berre var for ein times tid. Dette seier eigentleg ganske mykje om kor stor forakt vi har mot hakekorset og nazismen. Diverre er nynazistane på jakt etter nye medlemer, høgreradikale parti har fleire av dei same verdiane som nazistane i sine partiprogram, og vi har klart å utvikle ein sterk innvandrarforakt, takka vera media.
Kvifor?
Norge er ikkje berre for nordmenn. Norge skal og bør vera eit land der alle kan gå fritt på gata utan å bli sett rart på, eller eit land der det ikkje bør vera nødvendig av kvitingar å stille opp i tv-debattar for å rakke ned på innvandrarar som må motta økonomisk sosialhjelp, sjølv om desse sosialhjelpsmottakarane kan ha svært høg utdanning, men ingen moglegheiter til å få jobb innan dette yrket i Norge. Ikkje sant dette verker litt feil?
Til alle nordmenn der ute. Tenk dykk om! Set dykk sjølv i ein annan sin situasjon, slik som Aksel Hennie måtte setje seg inn i Max Manus sin situasjon, bør dykk andre setje dykk inn i innvandrarane sine situasjonar. Kanskje forstår de litt meir då? Slutt i alle fall å opptre på Tabloid på tv2 berre for å vera rasistiske. Slutt også å sende inn rasistiske kommentarar på artiklar aviser som dagbladet skriv. Set dykk inn i situasjonen, og tenk med hovudet og ikkje rævva.
