tirsdag 9. desember 2008

Vener og kjende.

No gler eg meg til jol. Oda kjem heim 19. Desember, Merethe kjem ein tur den 22., me skal ha reunion for klasse 3m den 27. og ikkje minst så får me god tid til å setja oss ned og mimre over tider som har vore, drøyme om tider som skal bli, og slengje drit om dei felles fiendane me har konstruert. Enten det er kapitalismen, romantiske komediar, det å bli vaksen eller akkurat den og den personen vi ikkje likte på vidaregåande.

Det viser seg at Merethe og Oda mest sannsynleg flyttar til Oslo til hausten. Og det er nesten så eg håpar at eg og kan flytte ditover. Men me får sjå. Historiefaget fins over heile landet, på alle universiteta. Det viktigaste er at skulen er bra og at trivselen er stor!

Korleis finn ein eigentleg ut kva ein skal bli? Alle har ein eller annan formeining om kva akkurat DU skal bli. Så kvifor veit ein det ikkje sjølv alltid? Eg håpar at lektoryrket kan passe for meg. Viss ikkje, veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera..

I dag fann eg forresten den perfekte kjolen til det perfekte juleselskapet. Men diverre ikkje til den perfekte prisen. Herligheten kosta nesten 1000 kr. Tova i raudt ull, og kjempeflott. Men har eg 1000 kroner til overs for den perfekte kjolen? Næh.. Får vel heller vente til eg blir rik med det..

Det er forøvrig også snart eksamen, og eg burde nok ha brukt kvelden på lesing. Så i morgon skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.