Eg har ofte sete og lest andre sine bloggar og tenkt at det må jo vera artig å ha ein slik blogg! For då kan jo dei som har litt tid til overs, gå inn og lese om kva eg driv med og så vidare.. Desverre ser eg vel eigentleg for meg at eg nok kjem til å gløyme at eg har blogg. Men det får no berre vera.
No er det fyrste dagen i advent. Tente lys i adventstaken igår, og følte at eg nesten var heima! Eg har også kost meg med smultringane eg og Marius fekk frå Gerd, så no er det jul! Tykkjer eigentleg det er ganske rart det snart er jul. For det var jo nettopp skulestart! Er ikkje SÅ lenge sidan eg og pappa køyrde flyttelasset mitt til Sogn.. Er for den del ikkje så lenge til eg og pappa skal køyra flyttelasset mitt FRÅ Sogn heller når eg tenkjer meg om.. Fann nemleg fort ut at sosionom ikkje var det EG skulle bli. Så då blir det hospitering på UIB etter jul, og faget er nyare historie. Når eg tenkjer meg om, gler eg meg kanskje mest til alt det som skal skje etter jul. I Bergen skal eg bu ilag med Marius, Trond og Jonas, noko eg trur kan bli veldig kjekt. Ikkje minst, blir det kjekt å ha nokon å eta middag med kvar dag! Og å sutra over kor kjedeleg det eigentleg er at me bruker SÅ mange år av liva våre på skulegang, for så å bruke resten av livet på å jobbe. Så eg kan nok seia at eg gler meg til å bli pensjonist! ;p
Sidan eg hadde besøk av Silje Marie og Eivind i helga, har eg forferdelig mykje eg må rydde.. Skal heim ein tur i morgon, og då må nesten leiligheten sjå nokon lunde ut til eg kjem tilbake igjen... Var kjempekjekt å ha besøk, men skikkelig nedtur når ein må rydde opp etterpå! ;) Men, sånn er det vel å vera "voksen og sjølvstendig"..
Hasta la vista, baby!
