Eg skal ikkje BERRE rakke ned på jula i dette innlegget. Jul er også ein ypparleg anledning til å ta kontakt med folk ein ofte ikkje har kontakt med. (ofte i samband med ein eller annan fest eller utgåing, vel å merke..) Advent er også ei perfekt tid til å arrangere bakedagar saman med vener, der me kan bake alle 7 sortar fordi det er moro og sosialt, og ikkje fordi ein "må" ha småkaker til dei uendelege juleselskapa. Kven et vel småkaker når ein alt har ete mykje god mat før på dagen? Nei, julekakene burde nok eigentleg ha heitt adventskaker! Dei smakar jo mykje betre i advent. For då ventar me på at det skal bli jul. På ein måte er advent eit 23 dagar langt vorspiel, der me går på julebord for å ete julemat, bakar og et julekaker, shoppar til VISAkortet går varmt, og drikk gløgg fordi det er godt og ikkje fordi det "høyrer med".
Mitt poeng med dette innlegget om jula er: Kvifor feirer vi jul? Jo, vi feirer jul fordi det er tradisjon. Kvifor er det tradisjon? Jo, fordi Jesus vart fødd. Men det stemmer jo ikkje. Jesus vart ikkje fødd hverken den 24. eller den 25. desember, om vi skal tru på ryktene. Jula vart lagt til desse datoane fordi dette allereie var ei festtid frå gamalt av. Altså frå såkalla "heidensk tid". Så, god jul alle saman, og ha ei riktig fin adventstid. Ber likevel i minne at denne jula alle snakkar om ikkje er til for hverken pakker, nisser, trær, vasking, rydding, mat eller Jesus. Jula er til for at vi skal kose oss, fordi at sola snur og det vert lysare ute. Jula er sola sitt signal på at vi går mot betre tider, anten betre tider er i romjula når vi byter dei stygge pakkene vi har fått, Jesus skal kome attende, eller rett og slett berre noko så enkelt som vår og sommar, nye avlingar og nytt liv.
