tirsdag 6. januar 2009

Nytt år, nye moglegheiter.


No har vi kome nokre dagar inn i det nye året, og hyllene på Narvesen bugnar allereie av blad med den store overskrifta "Bli slank i en fei!" eller "Bli kvitt julekiloene på 1-2-3!". Kva er det som gjer at dei store kvinneblada trur at alle legg på seg i jula? Julekiloane er ikkje problemet. Kor mykje er det eigentleg fysisk mulig å legge på seg i løpet av ei veke? Sikkert ikkje så mykje.


Lik som jula, er også nyåret ein storindustri. Nye forsett vert laga, dei fleste vert brotne etter ei veke eller to. Så tenk no på alle dei som har som sitt nyttårsforsett at dei skal gå ned i vekt. Dei treng ikkje leite lenge etter meir eller mindre brukbare tips. Ikkje treng dei leite etter vidunderprodukt heller. Julekiloane har blitt ein storindustri for landets helsekostkjeder, og slankemiddelprodusentar. Kvifor? På nyttårssalget i dei store kleskjedene er det jo nesten berre størrelsane 44 og 46 igjen i dei kleda som ser greie ut likevel.


Så. Kva med oss stakkarar som ikkje treng å ta av nokre kilo? Som ligg akkurat der vi burde på vekta, og som er velsigna med ein 36/38 kropp? Vi får kjøpe våre klede til fullpris, og heller spare utgiftene vi ellers ville hatt til slankepreparat. Og vi blir konstant minna på at vi burde slanke oss, for det seier jo både Elle, Det Nye og alle dei andre, og vi begynner nesten å tru på at vi kanskje burde tatt av nokre kilo heilt til vi finn den perfekte buksa eller skjørtet i den størrelsen vi ellers ikkje kjem oss inn i.


Så... Godt nytt år! :p