lørdag 3. oktober 2009

Haust.

No er hausten her igjen. Eg kan ikkje seia at eg ikkje likar det, for eg er trass alt fødd om hausten, så eg har litt å gle meg til. Men regnet kan eg klara meg utan, kulda også. Og med hausten kjem "depresjonen". Den tida på året eg får lyst til å seia som Jakob Sande: "Var det min lodd: å aldri vinne, og er eg fødd til nederlag?"

Kvifor? Det er visstnok ikkje bevist at haustmørkret skal gje depresjonar, men vi snakkar likevel om å vera værsjuk og haustdeprimert. Vi kan sjølvsagt bøte på dette med å ete boks på boks av vitaminbjørnar, gerimax, multivitaminer, ginseng, omega-3 og alle dei andre produkta som skal hjelpa oss å få max energi og godt humør. Men er ikkje det berre juks? Kan ein ikkje heller gjera som Arnt Birkedal og vie dagen til sola? Enten den er der eller ikkje? Eg trur det hadde fungert mykje betre.. :D

Men, før vi kjem så langt med oss sjølve at vi kan gløyme at det er haust, og heller tenkje på at det vert somar igjen, så kan vi gå attende til Sande.

Lat hausten mot mi panne strøyme,
med vemodstonen, myrk og sår,
eg skal deg aldri, aldri gløyme,
der bøygd mot undergang eg går,
og einsam, einsam skal eg drøyme
den draumen som ein gong var vår,
til natta vaknar uti hav,
og stiller all mi lengting av.

søndag 16. august 2009

Fadderuke, svineinfluensa og studiestart!

I år er det i gang igjen. Alle noregs førsteårsstudentar skal igjen bruke 2 veker av studiestarten sin på å bli kjent med kvarandre, drikke seg fulle og rave rundt i nye, ukjende byar. Ved UiO var det tidlegare slik at nye studentar var helst velkomne med eit handtrykk og overrekking av det akademiske borgarbrev av ein av universitetet sine leiarar etter den obligatoriske opningsseremonien på universitetsplassen. Dette kan ein sjølvsagt ikkje gjera no i desse svineinfluensatider. Håndtrykk er strengt forbode blant dei nye oslostudentane, og ein kan finna handdesinfeksjon i meir eller mindre alle bygg på Blindern. Vi vil jo ikkje risikere at det skal gå med studentane som med det militære, nemlig at alle ligg sjuke med influensa?!

Men tilbake til festinga. Det er jo eit kjent faktum at mange går på fest like mykje for å finne seg noe "kjeks" for kvelden, som å bli kjent med nye folk. Ein burde difor heller lagt ut munnbind, kondomar OG handdesinfeksjon på Oslos utestader. DET ville nok tatt knekken på influensaen...

Frå spøk til revolver. Svineinfluensaen er komen for å bli. Ein kan sjølvsagt ta alle forhåndsreglar som fins, men likevel ende opp sjuk. Eg ser ikkje korleis det kan vera eit universitets ansvar å passe på at studentane ikkje vert sjuke, eller for den del at universitetet skal sørge for at studentane vaskar seg på hendene. Nesten ein million kroner er brukt ved UiO for å førebyggje eit svineinfluensautbrot blant studentane. Ein million kroner som kunne blitt brukt til noko anna, kanskje endå meir viktig. Som f.eks. billigare mat i kantinene? Eller subsidiering av pensum. Moglegheitane er mange. Pengane også. I staden for å investera ein million spenn til handdesinfisering, kunne dei kanskje kjøpt medisiner til dei som faktisk vert sjuke i staden for? Det er berre eit forslag...

tirsdag 12. mai 2009

halalslakting og EU.

No er vi i gang igjen. Det norske folk står på barrikadane mot eit EU-forslag om at slakting utan bedøvelse skal bli lovleg. Nordmennene meiner dette er dyreplageri. For slaktedyrene er halal slakting i Norge akkurat like ille som vanleg norsk slakting. Dyrevernmessig er det ingen prinsippiell forskjell mellom halal slakting og vanlig slakting. Det er derfor lite konstruktivt av dyrevernere å kritisere halal-slakting i Norge meir høglytt enn annen slakting.

Halalslakting inneber at dyret sine halspulsårer vert skore over, slik at blodet raskt vert pumpa ut. Blodmat er "haram", det vil seia ikkje tillat, og difor er det viktig at dyret mister blodet fort. Blod=sjel, og sjela må bli sett fri og ikkje ete av menneske. Dyret skal i følge islam sleppa å bli plaga unødvendig og ein skal gjera alt ein kan for å få dyret slakta enklast mogleg. Bedøvelse av dyret før slakting er greit nok så lenge bedøvelsen i seg sjølv ikkje drep dyret, noko ein har sett tilfeller av i Noreg.

Fleire slakteri i Noreg halalslakter no ALLE dyra, for å gjera logistikken enklare, og billigare. Dermed et mange nordmenn halalkjøtt kvar dag utan å vite om det. Gilde sitt anlegg på Gol velsignar og slaktar alle dyra på muslimsk vis, men berre ca. 13% av kjøtet går til den muslimske marknaden. Resten går til den "norske" marknaden, og er ikkje merka som halal.

Men. Er det så ille, då? Problemet er at det norske folk manglar KUNNSKAP om halal. Ikkje at dyra vert slakta på halalmåten. Les ei bok. Søk på internett. Informasjonen er der. Ein må berre sjå den.

http://www.dyrebeskyttelsen.no/artikler/df1999-4d.shtml

www.dagbladet.no/magasinet/2005/07/11/437156.html

www.alfathi.no/om-halal-slakting/category11121

onsdag 6. mai 2009

Bikinisesong i anmarsj!

Alle damer der ute, pass på!!! Bikinisesongen er snart over oss!

Kven har vel ikkje gått ut med friskt mot og håp om å finna den perfekte bikini, for så å tilbringa endelause timar i prøverom? Det har i alle fall eg. Eg har også prøvd netthandelmetoden, for å sleppe maset med prøverom. Kva skjer då? Jo, toppen er for stor, buksa for liten. Eller omvendt.

Og når eg fyrst er inne på prøverom. Kva i alle dagar er dealen med at prøveromma er så små at om ein har større puppar enn B-cup, så er det fysisk umogleg å prøve ein bikini utan å risikere at eine puppen plutselig sprett ut av forhenget medan ein forsøker å få att låsen på bikinien. Kor innmari vanskeleg skal det vera å laga STØRRE prøverom? Men yadiyadiya.. Arealeffektivitet er stikkordet. Vi har skjønt det.

Så. Kvar er moralen? Det fins ingen moral. Eg skal prøve lukka i Bergens prøverom i nær framtid. Mest sannsynleg kjem eg heim att med handleposane fulle av andre ting, då prøveromma vart for skremmande. Men likevel går eg ut, år etter år, med friskt mot. Ein dag kjem dagen der H&M lagar prøverom med skapeleg størrelse, og bikiniar som får ein til å sjå høg og slank ut uansett dagsform.

Lukka til!

onsdag 14. januar 2009

Gaza, Palestina, historie og notid.

Gazastripa er ei smal stripe land søraust i Palestina. Gazastripa vert ofte berre kalla Gaza, men dette er eigentleg namnet på den største byen i området, Gaza by. Arealet er på 360 kvkm, og det bur ca 1,4 millionar menneske der. Gazastripa er bebudd av palestinarar og vart tidlegare styrt av den palestinske sjølvstyremyndigjeita, men vert no kontrollert av Hamas. Israel styrte Gazastripa frå 1967-2005, og kontrollerer fortsatt stripa sitt luftrom, territorielle vatnforsyningar og utførsel av essensielle ressurssar.

Gaza har i moderne tid vore under andre sitt styre. Frå 1517 og fram til 1. verdskrigen låg Gaza under Ottomansk styre, og vart etter 1. verdskrigen under britisk kontroll. Dette varte til 1948 og resulterte i den arabisk-israelske krigen i 1948, der Gaza endte opp under Egypt. Dette varte til 1967, då Israel okkuperte Gaza under seksdagarskrigen. Frå 1994, i henhald til Osloavtalen, tok dei palestinske myndighetene administrativ kontroll over Gazastripa, noko som varte til ca. 2007.

No vart det mykje oppramsing av årstal. Poenget med dette var å illustrere korleis nokre område i verda nærast alltid har vore under ein annan nasjon sitt styre, og at nokre område nærast alltid har vore i krig og konflikt med andre nasjonar. Då Israel vart danna i 1948, "tok landet seg til rette" etter uavhengighetskrigen som førte til at landet ekspanderte utover FN sin delingsplan. Dei siste 60 åra har vi sett mykje uro, krigar og terror med base i Israel og nabolanda. Ei av dei verste konfliktane i dette området ser vi no. Nemlig Israel sin nye invasjon av Gaza, tilsynelatande utløyst av terroraksjonar regissert av Hamas.

Mads Gilbert skreiv i ein sms "Gjør noe! Gjør mer!" Denne situasjonen er, og har vore, uhaldbar. Sivile menneskeliv er verd like mykje anten det er palestinarar, israelarar, amerikanarar, irakarar osv. Det for eit menneske å med vitande vilje seia ja til å starte ein krig som er øydeleggjande både materielt, fysisk og psykisk, og ikkje minst ein krig som drep er for meg heilt utenkjeleg. Korleis kan eitt menneske villa eitt anna så vondt? Les i historieboka. Les om øydeleggingar og krigar. LÆR av det. Som Primo Levi sa etter 2. verdskrigen; "Es ist geschehen, und folglich kann es wieder geschehen."

Det vi som unge, og også eldre, bør gjera er å læra av historia. Historia gjentek seg for ofte til at ein får inntrykk av at ein lærer av tidlegare tiders feil. Gå ut og demonstrer mot urettferda i verda! Ta standpunkt! Les, lær og sjå kva som skjer i verda. Dette må ikkje skje igjen.

tirsdag 6. januar 2009

Nytt år, nye moglegheiter.


No har vi kome nokre dagar inn i det nye året, og hyllene på Narvesen bugnar allereie av blad med den store overskrifta "Bli slank i en fei!" eller "Bli kvitt julekiloene på 1-2-3!". Kva er det som gjer at dei store kvinneblada trur at alle legg på seg i jula? Julekiloane er ikkje problemet. Kor mykje er det eigentleg fysisk mulig å legge på seg i løpet av ei veke? Sikkert ikkje så mykje.


Lik som jula, er også nyåret ein storindustri. Nye forsett vert laga, dei fleste vert brotne etter ei veke eller to. Så tenk no på alle dei som har som sitt nyttårsforsett at dei skal gå ned i vekt. Dei treng ikkje leite lenge etter meir eller mindre brukbare tips. Ikkje treng dei leite etter vidunderprodukt heller. Julekiloane har blitt ein storindustri for landets helsekostkjeder, og slankemiddelprodusentar. Kvifor? På nyttårssalget i dei store kleskjedene er det jo nesten berre størrelsane 44 og 46 igjen i dei kleda som ser greie ut likevel.


Så. Kva med oss stakkarar som ikkje treng å ta av nokre kilo? Som ligg akkurat der vi burde på vekta, og som er velsigna med ein 36/38 kropp? Vi får kjøpe våre klede til fullpris, og heller spare utgiftene vi ellers ville hatt til slankepreparat. Og vi blir konstant minna på at vi burde slanke oss, for det seier jo både Elle, Det Nye og alle dei andre, og vi begynner nesten å tru på at vi kanskje burde tatt av nokre kilo heilt til vi finn den perfekte buksa eller skjørtet i den størrelsen vi ellers ikkje kjem oss inn i.


Så... Godt nytt år! :p