lørdag 3. oktober 2009

Haust.

No er hausten her igjen. Eg kan ikkje seia at eg ikkje likar det, for eg er trass alt fødd om hausten, så eg har litt å gle meg til. Men regnet kan eg klara meg utan, kulda også. Og med hausten kjem "depresjonen". Den tida på året eg får lyst til å seia som Jakob Sande: "Var det min lodd: å aldri vinne, og er eg fødd til nederlag?"

Kvifor? Det er visstnok ikkje bevist at haustmørkret skal gje depresjonar, men vi snakkar likevel om å vera værsjuk og haustdeprimert. Vi kan sjølvsagt bøte på dette med å ete boks på boks av vitaminbjørnar, gerimax, multivitaminer, ginseng, omega-3 og alle dei andre produkta som skal hjelpa oss å få max energi og godt humør. Men er ikkje det berre juks? Kan ein ikkje heller gjera som Arnt Birkedal og vie dagen til sola? Enten den er der eller ikkje? Eg trur det hadde fungert mykje betre.. :D

Men, før vi kjem så langt med oss sjølve at vi kan gløyme at det er haust, og heller tenkje på at det vert somar igjen, så kan vi gå attende til Sande.

Lat hausten mot mi panne strøyme,
med vemodstonen, myrk og sår,
eg skal deg aldri, aldri gløyme,
der bøygd mot undergang eg går,
og einsam, einsam skal eg drøyme
den draumen som ein gong var vår,
til natta vaknar uti hav,
og stiller all mi lengting av.