mandag 4. januar 2010

Nytt år. Igjen.

Då var vi her igjen. Nytt år og nye moglegheiter. Men kor mange moglegheiter fekk vi i året som gjekk? Eller for den del, i tiåret som gjekk? For min del, representerer 2000-talet både inngangen og utgangen til tenåra, og byrjinga på vaksenlivet. For mor mi sin del, var 2000-talet også eit tiår med store endringar. Dette gjeld også for mine to syskjen som begge gifta seg og fekk born.

Men, attende til 2010. Kva kan ein forvente av dette nye, pur unge året? For det fyrste, håpar eg ikkje at dette året på nokon måte skal starte slik som det forrige, med krig i Gaza. ( sjå tidlegare innlegg) Men det er jo ikkje berre store politiske ting ein har forventningar om? For min eigen del, vonar eg at det nye året skal stå for framgang. Innen 2010 er omme, skal eg ha kome halvvegs i ein bachelorgrad. Eg må byrje å ta beslutningar om kva andre fag enn historie eg vil ha i denne graden, og korleis eg vil finne mi "stemme" i samfunnet. Eg må også sjå meg rundt etter ein ny sommarjobb. Kva vil eg gjera? Kvar vil eg vera? Skal eg sikte mot ein såkalla "studierelevant" sommarjobb? Og kva er det for noko? Sommarjournalist i "Hordaland", guide på Mølstertunet, eller jobb på sommarleir for vanskelegstilte born? Der ser de. Berre det å finne den perfekte sommarjobben inneber mange spørsmål. Det vanskelegaste spørsmålet av alle er eigentleg "Kva vil eg?".

Kva vil eg. Kva vil eg med det nye året? Kva vil eg med det nye tiåret? Og kva vil eg med livet? Vil eg slå meg til ro med ein litt over middels grei jobb og ein litt over middels bustad? Eller skal eg ut på den evigvarande søken etter å "realisere meg sjølv"? Sjølvrealiseringa har eg eigentleg slått frå meg. Sjølvsagt er det kjekt å t.d. reise, men om eg skal legge ut på jordomsegling for å "finne ut kven eg eigentleg er", virker det som om litt av kosen med å oppleve nye stader forsvinn. For kva skal eigentleg eg gjera med å vise på kartet kvar eg har vore, når alt eg har tenkt på er; "Kven er eg?". "Kven er eg" og "Kva vil eg" er nært beslekta, etter mi meining. Det er begge to spørsmål ein mest sannsynleg aldri kan finne svar på, i og med at ein er i stadig endring.

Nok filosofering for i dag. Viss sjansen byr seg, vil eg kanskje fortelja kva eg konkluderer med. Men til då, godt nytt år!