Alle damer der ute, pass på!!! Bikinisesongen er snart over oss!
Kven har vel ikkje gått ut med friskt mot og håp om å finna den perfekte bikini, for så å tilbringa endelause timar i prøverom? Det har i alle fall eg. Eg har også prøvd netthandelmetoden, for å sleppe maset med prøverom. Kva skjer då? Jo, toppen er for stor, buksa for liten. Eller omvendt.
Og når eg fyrst er inne på prøverom. Kva i alle dagar er dealen med at prøveromma er så små at om ein har større puppar enn B-cup, så er det fysisk umogleg å prøve ein bikini utan å risikere at eine puppen plutselig sprett ut av forhenget medan ein forsøker å få att låsen på bikinien. Kor innmari vanskeleg skal det vera å laga STØRRE prøverom? Men yadiyadiya.. Arealeffektivitet er stikkordet. Vi har skjønt det.
Så. Kvar er moralen? Det fins ingen moral. Eg skal prøve lukka i Bergens prøverom i nær framtid. Mest sannsynleg kjem eg heim att med handleposane fulle av andre ting, då prøveromma vart for skremmande. Men likevel går eg ut, år etter år, med friskt mot. Ein dag kjem dagen der H&M lagar prøverom med skapeleg størrelse, og bikiniar som får ein til å sjå høg og slank ut uansett dagsform.
Lukka til!
