No har det vel vore premiere på den vidgjetne norske filmen Max Manus som handlar om den såkalla Oslo-gjengen under 2. verdskrigen. Då filmen vart spelt inn i vår, var det mange eldre nordmenn som reagerte med tårer då hakekorset vart heist på Stortinget si flaggstong igjen. Sjølv om det berre var for ein times tid. Dette seier eigentleg ganske mykje om kor stor forakt vi har mot hakekorset og nazismen. Diverre er nynazistane på jakt etter nye medlemer, høgreradikale parti har fleire av dei same verdiane som nazistane i sine partiprogram, og vi har klart å utvikle ein sterk innvandrarforakt, takka vera media.
Kvifor?
Norge er ikkje berre for nordmenn. Norge skal og bør vera eit land der alle kan gå fritt på gata utan å bli sett rart på, eller eit land der det ikkje bør vera nødvendig av kvitingar å stille opp i tv-debattar for å rakke ned på innvandrarar som må motta økonomisk sosialhjelp, sjølv om desse sosialhjelpsmottakarane kan ha svært høg utdanning, men ingen moglegheiter til å få jobb innan dette yrket i Norge. Ikkje sant dette verker litt feil?
Til alle nordmenn der ute. Tenk dykk om! Set dykk sjølv i ein annan sin situasjon, slik som Aksel Hennie måtte setje seg inn i Max Manus sin situasjon, bør dykk andre setje dykk inn i innvandrarane sine situasjonar. Kanskje forstår de litt meir då? Slutt i alle fall å opptre på Tabloid på tv2 berre for å vera rasistiske. Slutt også å sende inn rasistiske kommentarar på artiklar aviser som dagbladet skriv. Set dykk inn i situasjonen, og tenk med hovudet og ikkje rævva.
onsdag 17. desember 2008
tirsdag 9. desember 2008
Vener og kjende.
No gler eg meg til jol. Oda kjem heim 19. Desember, Merethe kjem ein tur den 22., me skal ha reunion for klasse 3m den 27. og ikkje minst så får me god tid til å setja oss ned og mimre over tider som har vore, drøyme om tider som skal bli, og slengje drit om dei felles fiendane me har konstruert. Enten det er kapitalismen, romantiske komediar, det å bli vaksen eller akkurat den og den personen vi ikkje likte på vidaregåande.
Det viser seg at Merethe og Oda mest sannsynleg flyttar til Oslo til hausten. Og det er nesten så eg håpar at eg og kan flytte ditover. Men me får sjå. Historiefaget fins over heile landet, på alle universiteta. Det viktigaste er at skulen er bra og at trivselen er stor!
Korleis finn ein eigentleg ut kva ein skal bli? Alle har ein eller annan formeining om kva akkurat DU skal bli. Så kvifor veit ein det ikkje sjølv alltid? Eg håpar at lektoryrket kan passe for meg. Viss ikkje, veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera..
I dag fann eg forresten den perfekte kjolen til det perfekte juleselskapet. Men diverre ikkje til den perfekte prisen. Herligheten kosta nesten 1000 kr. Tova i raudt ull, og kjempeflott. Men har eg 1000 kroner til overs for den perfekte kjolen? Næh.. Får vel heller vente til eg blir rik med det..
Det er forøvrig også snart eksamen, og eg burde nok ha brukt kvelden på lesing. Så i morgon skal eg byrja eit nytt og betre liv. Trur eg.

torsdag 4. desember 2008
Jul.
Jul er eigentleg ganske snålt.. Me skal liksom feira at Jesus var fødd, men kven bryr seg vel om det lenger? Jesus vart fødd, men nissen, pakkene og maten er høgdepunktet. Kor mange gonger i løpet av advent høyrer ein vel ikkje at "No gler eg meg til jul, for då skal eg ete pinnekjøt" eller ribbe for den del. Tenk kor fantastisk enkelt det hadde vore å ikkje feira jul? Ikkje noko pakkestress, ikkje noko vaske og ryddepress, og ikkje minst så hadde vi sluppe å gå rundt i stappfulle butikkar på jakt etter den "perfekte" gåva til den som har alt. Det vera seg born som har alle dei leikene og kleda dei treng frå før, mødre og fedre som har alt dei treng til hus og heim, eller vener som ein berre kjøper pakke til fordi dei kjøper pakke til deg.
Eg skal ikkje BERRE rakke ned på jula i dette innlegget. Jul er også ein ypparleg anledning til å ta kontakt med folk ein ofte ikkje har kontakt med. (ofte i samband med ein eller annan fest eller utgåing, vel å merke..) Advent er også ei perfekt tid til å arrangere bakedagar saman med vener, der me kan bake alle 7 sortar fordi det er moro og sosialt, og ikkje fordi ein "må" ha småkaker til dei uendelege juleselskapa. Kven et vel småkaker når ein alt har ete mykje god mat før på dagen? Nei, julekakene burde nok eigentleg ha heitt adventskaker! Dei smakar jo mykje betre i advent. For då ventar me på at det skal bli jul. På ein måte er advent eit 23 dagar langt vorspiel, der me går på julebord for å ete julemat, bakar og et julekaker, shoppar til VISAkortet går varmt, og drikk gløgg fordi det er godt og ikkje fordi det "høyrer med".
Mitt poeng med dette innlegget om jula er: Kvifor feirer vi jul? Jo, vi feirer jul fordi det er tradisjon. Kvifor er det tradisjon? Jo, fordi Jesus vart fødd. Men det stemmer jo ikkje. Jesus vart ikkje fødd hverken den 24. eller den 25. desember, om vi skal tru på ryktene. Jula vart lagt til desse datoane fordi dette allereie var ei festtid frå gamalt av. Altså frå såkalla "heidensk tid". Så, god jul alle saman, og ha ei riktig fin adventstid. Ber likevel i minne at denne jula alle snakkar om ikkje er til for hverken pakker, nisser, trær, vasking, rydding, mat eller Jesus. Jula er til for at vi skal kose oss, fordi at sola snur og det vert lysare ute. Jula er sola sitt signal på at vi går mot betre tider, anten betre tider er i romjula når vi byter dei stygge pakkene vi har fått, Jesus skal kome attende, eller rett og slett berre noko så enkelt som vår og sommar, nye avlingar og nytt liv.
mandag 1. desember 2008
Første blogg ever..
Eg har ofte sete og lest andre sine bloggar og tenkt at det må jo vera artig å ha ein slik blogg! For då kan jo dei som har litt tid til overs, gå inn og lese om kva eg driv med og så vidare.. Desverre ser eg vel eigentleg for meg at eg nok kjem til å gløyme at eg har blogg. Men det får no berre vera.
No er det fyrste dagen i advent. Tente lys i adventstaken igår, og følte at eg nesten var heima! Eg har også kost meg med smultringane eg og Marius fekk frå Gerd, så no er det jul! Tykkjer eigentleg det er ganske rart det snart er jul. For det var jo nettopp skulestart! Er ikkje SÅ lenge sidan eg og pappa køyrde flyttelasset mitt til Sogn.. Er for den del ikkje så lenge til eg og pappa skal køyra flyttelasset mitt FRÅ Sogn heller når eg tenkjer meg om.. Fann nemleg fort ut at sosionom ikkje var det EG skulle bli. Så då blir det hospitering på UIB etter jul, og faget er nyare historie. Når eg tenkjer meg om, gler eg meg kanskje mest til alt det som skal skje etter jul. I Bergen skal eg bu ilag med Marius, Trond og Jonas, noko eg trur kan bli veldig kjekt. Ikkje minst, blir det kjekt å ha nokon å eta middag med kvar dag! Og å sutra over kor kjedeleg det eigentleg er at me bruker SÅ mange år av liva våre på skulegang, for så å bruke resten av livet på å jobbe. Så eg kan nok seia at eg gler meg til å bli pensjonist! ;p
Sidan eg hadde besøk av Silje Marie og Eivind i helga, har eg forferdelig mykje eg må rydde.. Skal heim ein tur i morgon, og då må nesten leiligheten sjå nokon lunde ut til eg kjem tilbake igjen... Var kjempekjekt å ha besøk, men skikkelig nedtur når ein må rydde opp etterpå! ;) Men, sånn er det vel å vera "voksen og sjølvstendig"..
Hasta la vista, baby!

Abonner på:
Kommentarer (Atom)